Heim

Velure rådgjeving

- strategisk arbeid i kulturinstitusjonar

 

Magne Velure, Lillehammer

Etter over 40 års erfaring i museumsfeltet og i Kulturdepartementet prøver eg meg med rådgjeving overfor museum og andre kulturinstitusjonar. Oppdraga kan vera evaluering av institusjonar, hjelp til å utforma planar, prosjekt eller prosjektsøknader. Mi oppgåve er å vera samtalepart og tilretteleggjar.

 

Når ein arbeider med overordna og strategiske problemstillingar i ein institusjon, kan det ofte vera ein føremonn å ha eksterne med i prosessen. Som ekstern part kan eg stundom koma med nye perspektiv, stilla dei nødvendige og stundom vanskelege kontrollspørsmåla og stundom peika på ulike, alternative løysingar.

 

Eg kan også utføra utgreiingsoppgåver som skal brukast som grunnlag for vedtaksprosessar i institusjonen. Trengst det ekstern møteleiar til seminar og konferansar, kan eg også hjelpa til.

 

Ta kontakt, og så kan me drøfta korleis oppdrag kan utformast og dimensjonerast.

 

 

Vil du ha ein medspelar for å utarbeida planar og prosjekt? Kanskje kan eg vera til hjelp.